City of Ghosts: Raqqa

Sanninga er der inne: Undergrunnens journalistar på innsida av IS-bastionen.

Etter at den syriske byen Raqqa vart overtatt av IS i 2014, har innbyggjarane gått ei uviss skjebne i møte. Dei har vorte tvunge til å innordne seg sadistiske reglar og bisarre innfall til dei nye herskarane. Den anonyme gruppa journalistar som utgjer motstandsgruppa «Raqqa is Being Slaughtered Silently», offentleggjer bilete frå den isolerte byen gjennom sosiale medium, og nyttar seg av ei anna type krigføring, der hjerte, sinn og samvit utgjer dei mest sentrale måla. Denne type grasrotjournalistikk har vore eit av dei viktigaste våpena i kampen mot IS. Men prisen journalistane betalar er høg.

I City of Ghosts gjev filmskapar, Matthew Heineman, eit intimt innblikk i eit knippe heltemodig innsats av individ for å la vitnesbyrda til dei sivile innbyggjarane nå ut til verda utanfor. Med eit unikt filmmateriale er dette kanskje ein av dei viktigaste dokumentarane som har vorte laga om livet i eit IS-Syria.

_
_
_