Hjemsøkt

Forfattar Maja Lunde (Bienes Historie) står bak manuset til årets norske skrekkfilm, der Synnøve Macody Lund (Hodejegerne, Askeladden) spelar hovudrolla som Cathrine. Når faren døyr, arvar Cathrine det gamle familiegodset, og reiser aleine til barndomstraktene for å selje eigedomen og kome seg vidare. Snart anar ho at huset ber på mørke løyndomar. Ho er ikkje aleine, og det som ventar henne bak dørene, kan ho ikkje flykte frå...

_
_
_