Norske byggeklosser

Ein komedie om kva som skjer når draumen om eigen bustad vert eit overveldande kaos.

Merete og Jens (Ine Jansen og Anders Baasmo Christiansen), eit par i tredveåra, har endeleg hellet med seg når dei heilt uventa arvar eit hus. Etter altfor mange år i sokkelhusværet i bustaden til den temmeleg eksentriske mora til Jens (spela av Anne Marit Jacobsen), er dei overmodne for noko heilt eige.

Nå har dei sjansen til å få det dei drøymer om: Eit hus med hage før dei får barn. Dei må nok pusse opp litt, men kor vanskeleg kan dét vere, liksom?

Men, som mange par har oppdaga før dei: Det er mange potensielle feller når ein skal skape sin eigen heim - særleg når paret sjølv ikkje har nemneverdige praktiske evne, og må stole blindt på "ekspertisen".

Problema hopar seg kjapt opp i møtet med systemet og folka som representerer det (og som alle vert spelte av Atle Antonsen): Den korrupte sakshandsamaren hos Plan- og bygg, dei austeuropeiske arbeidarane som er meir opptekne av dofasilitetar enn snekkararbeid, den alternative øko-arkitekten og petimeteret på gjenbruksstasjonen, for å nemne nokre.

Når paret også må handtere den stadig meir maniske svigermora, som lid av ei uforklarleg lyst til å brenne ting, blir det fort meir enn dei klarer å handtere.

For jakta på "det perfekte liv" kan fort true lysta til å ha noko liv saman i det heile tatt.

Oppussingskomedien "Norske Byggeklosser" er ein ny norsk komedie inspirert av den norske klassikaren frå 1972 (med Rolv Wesenlund), om alle situasjonane som oppstår når evne og omstende ikkje nødvendigvis matchar ambisjonane.

Skuespillere Atle Antonsen, Anders Baasmo Christiansen, Ine Jansen, Anne Marit Jacobsen Regi Arild Fröhlich Premiere 21.02.2018 Manus Atle Antonsen, Arild Fröhlich Kinoklubb 1 Egnethet Ungdom / Voksen

Fra: 27. februar 2018

Vis hele programmet
_
_
_