Per Fugelli - Siste akt

Eit sterkt og livsbejaende portrett av Per Fugelli.

Samfunnet var hans pasient, heile landet hans skrivebord, og mediene hans konsultasjonsrom. Som vår kollektive fastlege har han snakka i store, vakre bokstavar, og gjerne i krigstyper, om helsa vår. Samfunnsdebattanten og sosialmedisinaren Per Fugelli vart det siste halvanna året følgt tett av filmskapar Erik Poppe, og resultatet er eit svært personleg, tankevekkande og humoristisk portrett.

"Per Fugelli - siste resept" er ein rørande og livsbejaende film om å leve for fullt til det heile er over.

Per Fugelli vart dei siste åra hylla for sin humanisme, sitt samfunnsengasjement, sin humor og si openheit om døden, noko som vert reflektert i filmen.

Fugelli kjempa mot moralisme, kroppspress, prestasjonssamfunnet og innvandringsangst. Som samfunnsdebattant og sosialmedisinar sov han aldri, han var like oppteken av samfunnet sine sjukdomsteikn som kroppen sine skavankar.

Som varemerket sitt - sløyfa han alltid bar i halsen - plasserte han seg på tvers i den norske offentlegheita. Hans resept på å lure døden, veke etter veke, besto i å fylle livet med meining, engasjement og humor. Han hamra laus kronikkar og innlegg om sine nye funn han ville dele. Om det politiske frostsjokket som rammar Noreg, om måla for helse og lykke som vart meir og meir uoppnåelege, og ikkje minst om dei sju dødsgleder. - Døden er ikkje så ille som folk vil ha det til, og den som døyr får sjå, sa Fugelli med eit smil.

Per Fugelli skreiv nesten femti bøker, tallause aviskommentarar og han fekk ei rekke utmerkingar. Fritt ord sin pris frå 2013 var kanskje den viktigaste.

Møtet mellom Per Fugelli og Erik Poppe innleia det siste halvanna året av Per sitt liv. Når Per Fugelli valde å stanse den vidare medisinske forlenginga av livet, dødsfasen, starta dei to samtidig å dokumentere siste akt og nokre av dei vakraste augeblikka i livet til Per. - Filminga har gitt meg enda ei mening og friske nye fargar i livet. Kanskje kjem eg til Hollywood, smilte han lurt, kort tid før han døydde i september 2017.

Skuespillere Per Fugelli, Charlotte Fugelli Regi Erik Poppe Premiere 26.01.2018

Fra: 26. januar 2018

Vis hele programmet
_
_
_