The Post

Steven Spielbergs THE POST er eit intenst og brennaktuelt drama om USAs første kvinnelege aviseigar og -utgivar, Katharine Graham (Meryl Streep) i The Washington Post, og hennes redaktør Ben Bradlee (Tom Hanks) gjennom nokre kritiske månader i 1971.

Filmen skildrar avisa si avsløring av korleis den amerikanske regjeringa sin massive dekkoperasjon gjennom tre tiår og fire presidentar systematisk førte det amerikanske folket og verda forøvrig bak lyset når det gjaldt den militære innblandinga i Vietnam. Vi følgjer Graham, Bradlee og ei gruppe nitidige og handlekraftige journalistar hos The Washington Post i kappløpet deira med den mektige rivalen The New York Times. Under truslar frå høgaste politisk hald, må dei risikere både karriere og fengselsstraff for å avdekke statshemmelegheitene og bringe sanninga for ein dag, i det som vart kalla "The Pentagon Papers".

Skuespillere Alison Brie, Tom Hanks, Sarah Paulson Regi Steven Spielberg Premiere 16.02.2018 Egnethet Voksen

Billettar til The Post

  1. Ons 28. feb kl 21:00 110 kr   Kinosal 12 ÅR Slutt 23:06 Kjøp
Vis hele programmet
_
_
_