I Feel Pretty

Herleg og gjenkjennande komedie med Amy Schumer. Korleis endre alt utan å endre noko?

Etter ein kraftig hovudskade aukar Renee (Amy Schumer) si sjølvkjensle kraftig, noko som gjer at ho møter verda med eit spektakulært, om enn noko forkvakla sjølvbilete.

I “I Feel Pretty” møter vi Renee, ei vanleg kvinne, som lik dei fleste slit med usikkerheit og kompleks. Etter at ho slår hovudet kaftig i ein spinningtime, vaknar hun med eit fantastisk sjølvbilete. Etter ein titt i spegelen føler ho seg som den vakraste skapningen på planeten, og med denne nyvunne sjølvtilliten trår ho fryktlaust ut i livet. Plutseleg begynner ting å ordne seg for Renee, ny jobb, nye vener og mange nye muligheiter. Men kva skjer når ho forstår at utsjånaden hennar eigentleg aldri endra seg?

_
_
_