Maze Runner: Dødskuren

I den episke finalen til Maze Runner-sagaen leiar Thomas gruppa av rømte lysningsbuarar på sitt farlegaste oppdrag til no. For å redde vennene sine må dei bryte seg inn i den legendariske "Last City", en OND-kontrollert labyrint som kan vise seg å vere den mest dødelege labyrinten av alle. Dei som kjem levande ut, får svar på alle spørsmåla lysningsbuarane har hatt sidan dei først kom i labyrinten...

DYLAN O'BRIAN (Thomas) er eitt av Hollywoods raskt veksande talent. Han er kjend som hovudrolleinnehavaren i MTV-serien Teen Wolf, som er ein remake av kultfilmen med same tittel. Han har også vore å sjå på kinolerreta før, blant anna  sommaren 2013, da han spelte  side om side med Vince Vaughn og Owen Wilson i komedien The Internship, og har hatt stor suksess i rolla som Thomas i Maze Runner serien.

KAYA SCODELARIO (Theresa) si skodespelarkarriere begynte som rollefiguren Effy i Skins, eit britisk tv-drama/komedie som laga ei ny og kompromisslaus vinkling på britisk ungdom. Serien vart eit globalt fenomen, og Effy var ein av de få personane som er blitt verande gjennom alle sesongane. Seinare har ho vore delaktig i filmar som blant anna Moon og Clash of the Titans, og var nyleg å sjå i Pirates of the Caribbean: Dead Men Tell No Tales.

THOMAS BRODIE-SANGSTER (Newt) har allereie ei lang og variert rolleliste bak seg frå USA og Storbritannia på både kinolerret og TV-skjermar. Nyleg har han spela Jojen Reed i Game of Thrones, samt i The Baytown Disco med Billy Bob Thornton og Eva Longoria. Likevel vil han nok lenge vere kjend for si rolle i julefilmen Love Actually.

NATHALIE EMMANUEL (Harriet) er ein britisk skodespelar, mest kjent for si rolle som Missandei i Game of Thrones. Ho har i tillegg hatt rolla som Ramsey i Furious 7 (2015) og The Fate of the Furious (2017).

_
_
_