Mirakel

Mirakel er historia om August eller Auggie som begynner på ordinær skule for første gong.

Mirakel er basert på den bestseljande boka med same namn. Filmen fortel den morosame, inspirerande og varme historia om August Pullman. Auggie er født med deformert ansikt på grunn av ein genfeil, og har til nå hatt heimeundervisning. Da han skal starte i femte klasse, har foreldra bestemt at han skal begynne på ein vanleg skule, med barn han ikkje kjenner.

Auggie, familien, klassekameratane og lokalsamfunnet strevar alle med å handtere situasjonen. Auggie si utrulege reise beviser at det viktigaste ikkje er å passe inn, men å vere seg sjølv.

_
_
_