Rampage

Primatologen Davis Okoye (Johnson), held seg normalt unna andre menneske, men til gjengjeld deler han eit ubryteleg band med George, ein ekstraordinært intelligent, sølvrygga gorilla, som han har passa sidan han vart fødd. Men da eit uautorisert, genetisk eksperiment går veldig, veldig gale, vert den elles så følsame apen omgjort til eit rasande monster av gigantiske proposjonar.

Og som om det ikkje er nok, vert det snart sjokkerande klart for alle, at det samtidig vart skapt ei rekke andre galne, gigantiske, genetisk muterte monster. Mens dei genetisk sett nyfødde alfamonstera rasar tvers gjennom Nord-Amerika og utsletter alt på deira veg, prøver Okoye saman med ein miskreditert genforskar å finne ei motgift mot dei altøydeleggande kjempane. Saman vert dei tvinga til å kjempe seg gjennom ei lang rekke konfrontasjonar med monstera i eit desperat kappløp for ikkje berre å forhindre ei global katastrofe, men også redde den opprinnelege og forskremte gorillaen, som ein gong var Okoyes beste (og einaste?) ven.

 

Rampage er regissert av Brad Peyton (San Andreas), etter manus av Ryan Engle (Non-Stop), Carlton Cuse (San Andreas), Ryan J. Condal (tv-serien Colony) og Adam Sztykiel (Due Date), etter ei historie av Ryan Engle, basert på det klassiske videospelet, Rampage.

_
_
_