The Place

Frå regissøren av "Perfekte Fremmede"!

 

Ein mystisk mann sit ved eit kafébord og oppfyller folk sine største ønske mot at dei til gjengjeld utfører merkelege, og av og til skremmande, oppdrag. Ei nonne skal få tilbake trua om ho vert gravid, ein gamal mann skal bli kurert for Alzheimer om kona plantar ei bombe på ein offentleg stad, ei jente skal bli penare om ho begår eit ran med eit utbyte på nøyaktig 100.000 euro og 5 cent.

 

Som i regissør Genoveses forrige film “Perfekte fremmede” frå 2016, er dette også ein film der mange personar sine liv og skjebner vert fletta saman, men her dreier handlinga mot det mørkare og meir surrealistiske. Manus er basert på den amerikanske tv-serien The Booth at the End.

Regi Paolo Genovese Premiere 20.04.2018 Musikk Maurizio Filardo Manus Paolo Genovese og Isabella Aguilar Foto Fabrizio Lucci Begrunnelse Filmen inneholder ingen scener som antas å ha en skadelig virkning på barn. Den blir derfor tillatt for alle.

Fra: 03. mai 2018

Vis hele programmet
_
_
_