The Shape of Water

The Shape of Water er eit romantisk fantasy-drama regissert av Guillermo del Toro, med Sally Hawkins i hovudrolla.

Bakteppet for filmen er den kalde krigen, og historia går føre seg i 1962. Den einsame Elisa (Hawkins) jobbar som reinhaldar i eit laboratorium som er drive av styresmaktene, og lever eit liv i isolasjon. Livet hennar endrar seg for alltid når ho og kollegaen hennar, Zelda (Octavia Spencer), kjem over eit topp-hemmeleg eksperiment på arbeidsplassen.

Del Toro beveger seg denne gongen bort frå horrorsjangeren, men leverer eit særegent romantisk fantasy-drama kritikarane meiner er Del Tors beste film sidan Pans Labyrinth. Filmen hadde verdspremiere  på Filmfestivalen i Venezia - til ståande ovasjonar frå eit samla kritikerkorps - der han vann gull-løva for beste film.

I tillegg til dei nemnde skodespelarane finn vi Michael Shannon, Richard Jenkins, Michael Stuhlbarg og Doug Jones i andre roller.

_
_
_