Tomb Raider

I dette actioneventyret følgjer vi Lara Croft på si reise for å løyse mysteriet rundt faren si forsvinning. Filmen er basert på videospelet Tomb Raider.

Lara Croft er ein sjølvstendig 21-åring, og dotter av ein eksentrisk eventyrar som forsvann da Lara knapt var blitt tenåring. Lara bur i dei kaotiske trendy gatene i Aust-London der ho jobbar som sykkelbod. Ho slit med å få endene til å møtast og med å møte opp på skulen. Fast bestemt på å gå sin eigen veg nektar ho å innsjå, og tru på, at faren verkeleg er borte. Lara vert rådd til å gå vidare etter sju år uten han, noko ho nektar å høyre på.

Lara skjønar ikkje heilt sjølv kva som driv henne til å prøve å løyse gåta rundt den mystiske forsvinninga til faren. Stikk i strid med farens siste ønske bestemmer ho seg for å etterlate alt ho har i London for å oppsøke den siste kjende destinasjonen til faren. Turen går til ei grav på ei mystisk øy ein stad utanfor Japan. Lara reiser utan andre våpen enn eit skarpt sinn, blind tru og staheit. Det vert ei lang og farleg reise, men dersom ho overlever ferda, kan ho fortene namnet Tomb Raider.

_
_
_