Utøya 22. juli

Spelefilmen UTØYA22. JULI handlar om dagen vi aldri gløymer, men vanskeleg kan forstå

Ei stor mengde fakta frå sommarleiren til AUF, 22. juli 2011, er allereie attgjeve i rettssaker, bøker og media. Men dei færraste av oss veit mykje om den ufattelege panikken og forvirringa som oppstod, eller dei umoglege vala ofra vart stilt overfor. Ein terror som påførte så mange ei frykt og sorg dei må leve med resten av sitt liv.

 

UTØYA 22. JULI er skrive på bakgrunn av vitneskildringar og kjende fakta, og skapt i tett dialog med fleire overlevande. Av respekt for ofra og deira pårørande, er karakterar og enkeltopplevinar oppdikta. I filmen møter vi Kaja (18) og venane hennar på  sommarleiren, og ser hendelsane slik dei kunne ha sett ut for nokon på øya. Filmen startar når ungdomane, sjokkerte over bombearngrepet i Oslo, forsikrar sine pårørande med at dei er langt borte. Den trygge atmosfæren vert broten då dei høyrer skott. Så følgjer vi Kaja i kampen hennar for å overleve - minutt for minutt. Mykje av det som har vore skrive og sagt i media har handla om manifestet til terroristen, dom, soningsforhold og namnebytte. Med spelefilmen UTØYA 22. JULI har regissør Erik Poppe ønskja å skildre kampen til ungdomen for å overleve det ubegripelege, og bringe merksemd tilbake til ofra; dei drepte og dei som overlevde, deira pårørande, familier og etterlatne: - “Deira oppleving av denne politiske terroren kan vanskeleg skildrast med ord. Eg håpar filmen kan bidra til vår medkjensle og omsorg for dei som er tilbake, og skape større forståing for korleis vilkårlegheita råda over alle skjebnar i det kaoset som oppstod då ondskapen slo ned.” ERIK POPPE

_
_
_