Aldersgrense på kinofilm

Frå 1. januar 2023 er det filmdistributørane som set aldersgrense på kinofilm i Noreg, og aldersgrensene skal settast etter Medietilsynet sine retningslinjer. Sjå under for kva dei ulike aldersgrensene betyr, eller besøk medietilsynet sine heimesider for meir informasjon: 

Tillatt for alle

Film som er tillaten for alle skal ha ein neddempa lyd og effektbruk. Dei skal ikkje innehalde urovekkande scener, men filmane kan likevel ha nokre skumle element eller effektar om dei er kortvarige og går føre seg innanfor ei trygg ramme.

6-årsgrensa

Filmar som får 6-årsgrense kan innehalde enkeltscener eller innslag som er noko mørke eller trugande, eller scener med dramatisk lyd og effektbruk. Korte nifse element tillatast innanfor ramma av «det gode gys», og valdsinnslag om dei er tydeleg humoristiske og overdrivne ("slapstick"). Vanskelege og vonde tema kan tillatast, dersom dei er framstilt neddempa eller tilpassa born i aldersgruppa.

9-årsgrensa

Filmar som inneheld kortvarige og lite nærgåande valdsinnslag, kan få ei 9-årsgrense. Dette gjeld òg filmar som har parti med mørk eller utrygg stemning. Skremmande skikkelsar og faretrugande situasjonar kan finnast i filmar med 9-årsgrense. Det same kan scener med ulykker, operasjonar, lite dramatiske dødsfall eller noko ustabile vaksenpersonar og utrygge familierelasjonar.

12-årsgrensa

Filmar med 12-årsgrense kan innehalde noko opprivande tematikk knytt til «vaksensfæren». Det kan til dømes vere sterke følelsesutbrot eller seksuelle handlingar. Lite nærgåande skildringar av alminneleg seksualitet eller seksuelle skildringar på born og unge sine premiss, kan få aldersgrense 12 år. Valdshandlingar eller kortare innslag med skrekkelement i ein urealistisk samanheng, kan òg få 12-årsgrense. Dette gjeld for eksempel filmar lagt til eit tydeleg fantasiunivers eller filmar som er sett i ei tydeleg komisk ramme. Også meir verkelegheitsnære skildringar kan tillatast om dei er lite nærgåande. Gjennomgåande grov dialog og humor kan òg tilsei ei 12-årsgrense.

15-årsgrensa

Filmar med 15-årsgrense kan innehalde realistiske, autentiske eller nærgåande skildringar av vald og drap eller tilsvarande sterke skildringar frå krig, katastrofar og terrorhandlingar. Det same gjeld filmar med store mengder «actionvald» eller nærgåande seksuelle skildringar. I tillegg kjem filmar med angstskapande stemning og nærgåande skildringar av overgrep eller omsorgssvikt.

18-årsgrensa

Filmar med 18-årsgrense har eit særleg valdeleg eller seksuelt innhald, eller brukar særleg sterke verkemiddel. Det kan vere store mengder grove, kyniske og detaljerte valdshandlingar, ofte i kombinasjon med eit særleg angstskapande uttrykk. Filmar med omfattande, eksplisitte og nærgåande seksuelle skildringar vil få 18-årsgrense. Dette gjeld òg skildringar av vald og sex i kombinasjon.

Å ta med born under aldersgrensa på kino

Vaksne har moglegheit til å ta med born som er yngre enn aldersgrensa som er sett på filmen. Den vaksne må vere fylt 18 år og fått lov av dei føresette å ta med barnet på kino. Dette kallast ledsagarregelen.

Alle born kan gå på film med ei 6-årsgrense når dei er saman med føresett eller andre i føresett sin stad. For aldersgrense 9, 12 og 15 år kan du ta med born som er inntil tre år yngre. 18-årsgrensa er absolutt. Ingen under 18 år kan sjå filmen, sjølv om dei er i følgje med ein vaksen.

Ta omsyn til barnet

Hugs at alle born og unge er ulike. Difor skal du ta omsyn til kvar enkelt born sin modnad og tolegrense når barna skal sjå film. Sjå gjerne trailer og les om filmen i forkant.