Kortfilmfestivalen 9. - 13. juni 2021

Kortfilmfestivalen i Grimstad kjem til Volda!

På grunn av korona-restriksjonar har Kortfilmfestivalen, i likskap med ei rekkje andre festivalar, vore nøydde til å tenkje kreativt. Resultatet er at Volda filmteater blir ein av tolv utvalde kinoar som får vise konkurranseprogrammet for norsk kortfilm, dokumentar og musikkvideo 9. - 13. juni.

Du kan anten kjøpe billett til ei spesifikk filmblokk, til ein spesifikk dag eller eit festivalpass.
For program, sjå www.kortfilmfestivalen.no

                                               
Merk: Dagspass/festivalpass er ikkje gyldig billett! Ved kjøp av desse får du tilsendt eit kortnummer + PIN-kode på oppgitt epostadresse som brukast for å leggje til billettar i handlekorga di.
Eksempel: Om du skal ha billettar til fredag kjøper du først eit dagspass. Deretter legg du til billettkategorien "festivalpass" i handlekorga di for kvar av dei tre visningane, ved å oppgi kortnummer og PIN-kode. Når du fullfører kjøpet vil du få tilsendt tre individuelle billettar.

Dette er nødvendig for eventuell smittesporing, og det er viktig at alle sit på sine tilviste plassar!

Ved spørsmål, send oss gjerne ein epost eller ei melding på facebook.

 

Festivalpass: ordinærpris (250,-) / studentpris (200,-)

Onsdag 9. juni  Dagspass: ordinærpris (80,-) / studentpris (70,-)

14:00  Kortfilmfestivalen: NK1 - Norsk kort 1
16:00  Kortfilmfestivalen: NK2 - Norsk kort 2

Fredag 11. juni  Dagspass: ordinærpris (120,-) / studentpris (105,-)

16:30  Kortfilmfestivalen: NK6 - Norsk kort 6
19:00  Kortfilmfestivalen: NK5 - Norsk kort 5
21:30  Kortfilmfestivalen: MV1 - Musikkvideo 2

Laurdag 12. juni  Dagspass: ordinærpris (120,-) / studentpris (105,-)

14:00  Kortfilmfestivalen: NK7 - Norsk kort 7
16:30  Kortfilmfestivalen: NK8 - Norsk kort 8
19:00  Kortfilmfestivalen: MV1 - Musikkvideo 1